31.07.2009 14:06
Postet av Jostein Vinjerui / Tour de France '09

...FørTour-innslag fra Telemarks tak
Mission Briefing...

(PF.NO-VTB.NO – VINJE.KOMMUNE.NO) Som ein av to heltar frå Telemark som skal vere støttekontakt for ei utskremd nattevakt med større erfaring som snikande tiger på Down Town enn som klatrande drage opp Mont Ventoux. 

Med det som mål å gje nattvakta Eikibreiki den optimale opplevelsen i Frankrike vil det gjerast enkelte grep for å få til dette. Ein mann av hans kaliber treng fire stødige telemarkshendar for å ta dei rette vala.

Oppdrag:
Få Eikibreiki gjennom Frankriketuren 20-29. juli 2009 Dette er lang tid. Mykje som kan skje!

Feller å gå i:
Det er mange potensielle feller, men nattklubbar og tilfeldige møter med alle kjønn vert ei stor utfordring. Basera på at Eikibreiki tradisjonelt berre nyttar eige hotellrom i snitt 33 % av alle overnatingar i utlandet seier det seg sjølv at dette vert ei hard nøtt. Enklaste svaret på det er å låse døra og hive nyklane, men me skal gje han sjansen til å teste nattelivet i ulike franske byar.

Kven skal passe på? 
Bjelle Bjålls: Gladguten, muntrasjonsrådet, lagspelaren, norgesmeisteren og fitnesskongen har og andre sider. Som eit levande eksempel på at handling er lik konsekvens vel me dette som valspråk. Med 7 års erfaring frå å jobbe med landets tøffaste ungdom har han lært å kjenne at alle teikn på ein person med åtferd - og tilpassingsvanskar. 

Jossi Jussilainen: Bak eit pent ytre og ein fin kropp er det eit breitt erfaringsgrunnlag som vil vere til hjelp for kringleskjeggfantomet. Med ei utdanning så lang at Statens lånekasse til slutt takka nei til å støtte vidare utdanning, og arbeidserfaring med vanskeligstilt ungdom, og til slutt no lovens lange arm er han klar til å trå til der barnevernets fullmakter ikkje strekker til.

Leiing/kommunikasjon:
Leiar vert Bjålls. Dette er basera på eldstemannprinsippet samt at ein alltid skal nytte lempligaste middelet fyrst. 

Kommunikasjon vil skje via mobiltelefon, facebook, twitter.com/bjelle76 og twitter.com/jossi_j

Til saman håpar me dette skal vere nok. Kritiske dagar vert 23, 24 og 27 når heltane skal ut på langtur med racersyklane sine mens nattevakta kjem humpande etter på CT energy sykkelen han fekk med seg frå City Lade før avreise. Det kan fort bli stopp på ein fortauskafè der synden tar han.

L I V E STRONG everybody!

Jossi 


| Bli en blogger også du | Les andre blogger |