Velkommen til IL Tempo

 

14.07.2010 01:21
Postet av Eivind Bjaaland / Heroes of Telemark

...IL Tempo Velociped
goes Tour de France 2...

(Tromsø) Etter eit år med intense førebuingar er trioen igjen klare for verdas vakraste eventyr. Erik Eikebrokk - bohemen med det eventyrlege dametekket, Jossi Jossilainen – alle autistars våte draum og keeperkjempe, og Bjelle Bjålls – tøysepupp og Dr Phils forlenga arm. Etter fjorårets sammenlagtfiasko får trioen denne gongen med seg på laget, fjellklatraren Erik Hoff.

Laget hadde eit vanskeleg år i fjor, kaptein Bjålls kjempa mot svin og kjærleiksinfluensa, Eikebroch gjekk personleg konkurs etter live-streaming av Arsenal- Newport via mobil og Jossi hadde meir enn nok med seg sjølv.

I år derimot, er ingenting overlatt til tilfeldighetane. Jossi vraka Johan Kaggestad til fordel for Erik Hoff som mentor, og har levert egenmeldingar over ein låg sko for å kunne trene og nyleg fullføre Styrkeprøven Trondheim-Oslo. Eikebrokk reduserte studieprogresjonen med heile 3 studiepoeng for å få tid til å jobbe inn nok spenn for å unngå skifteretten etter fjorårets konkurs, medan Bjelle Bjålls provoserte fram ein kjærleikssorg for å kunne gå ned frå 102 til dagens pene 94 kg. Alt dette for å stå best mogleg rusta til Tour de France 2010.

Årets program er ikkje for pyser, IL Tempo Velociped skal igjennom heile 5 fjelletapper, Col d'Aubisque (1709 moh), Hautacam (1635 moh), Col d`Aspin (1489 moh) og Col du Tourmalet (2114 moh). Desse 4 kosefjella ligg i Pyreneene der laget har base dei 5 fyrste dagane. Deretter forflyttar heltane seg til middelhavet og late dagar i vakre Cannes, før touren blir avslutta med ei tempoetappe opp Lance Armstrongs eige test-fjell Col de la Madone (925 moh).

Interne stridighetar i laget har gjort at mentor Erik Hoff har valgt å frata Bjelle Bjålls kapteinsbindet (og tatt det selv, red.anm.). Hoff begrunnar dette med at Bjålls i sin periode som IL Tempo-trener valgte å nekte han å ta eit innkast på trening på Valentinsdagen 14. februar 2006. Dette gjorde Hoffi så frustrert at han valgte å droppe den planlagte romantiske middagen på Oska Kebab saman med Helene Bugge, noko som igjen satte forholdet på ei alvorleg prøve. Kjærleiken vant likevel til slutt, og paret blei smidd i hymens lenker på Linesøya sist veke<3.

Hoff tar sjølvsagt kapteinsrollen, medan ny visekaptein blir Jossi. Eikebrokk må nok ein gong nøye seg med wingman-rollen, dog etter etappene i lederhosen og rosa lacoste-skjorte. Som lagets eldstemann har Bjålls fått den ettertrakta liberorollen, dette inneber dobbeltstemme i alt frå valg av kadens, rykk og støt til upopulære valg som til dømes kva ein skal ha til middag eller kva smak ein skal ha på kondomane.

Eikebrokk er no i balanse både når det gjeld kapital og psykisk velvære, difor lover han liveupdates frå etapper, lagmøter og bankettar.

Bli ein fan og følg oss på twitter http://twitter.com/bjelle76 og facebook http://www.facebook.com/pages/Heroes-of-Telemark-ft-Eiki-Breiki-goes-TDF-2010