11.05.2006 15:25
Postet av Eivind Arne Bjaaland / BB

...BJELLES BLOGG #8
1 seier - 1 tap så langt. Lade FK venter...

Allright! Kongen er tilbake fra studietur i Riga og avrusing på heimebane. For å gjere ei lang historie kort så er eg særdeles fornøyd med det fotballfaglege utbyttet, hadde fri kompetanseflyt med utallige taxi-sjåførar, eit par rugby-spelerar samt at eg fekk med meg siste kvarteret av Barcelona-Milan. Dette saman med det faktum at eg vann Premier League med Southampton på Championship Manager 03/04, gjer at eg føler meg godt fagleg rusta foran den særdeles viktige vårsesongen IL Tempo no står foran.

Seriestart. 4-2 tap for Kolstad 3...
Det er ikkje til å legge skjul på at skuffelsen var enorm då eg mottok informasjon om 2-4 tap i opningskampen, korleis i helvette gjekk det an? Eg var hellig overbevist om at de skulle klare brasene så lett som fot i hose, kniv i varmt flerumetta smør eller speltmjøl i brød, men neida. Vel vel, ingen vits å gråte over spilt mjølk, derfor gjer eg faen og rettar fokus framover, det er det vi kan få gjort noko med som er viktig!

Utruleg nok var vi så få folk på kampen mot Kvik2 at eg sjølv måtte spele. Dette er for meg uforståeleg! Etter å ha diskutert om vi skulle begrense antallet folk på trening, klarer vi knapt nok å stable ein 11-er på banen. Riktignok hadde mange sine grunnar, men likevel synes eg dette var sørgeleg.

2. seriekamp. 4-0 seier over Kvik 2...
Nok kjeft, over til meir positive ting, kampen: Sjølv om eg gjorde mitt beste for at vi skulle tape, var vi totalt overlegne denne kvelden. Slik eg ser det spelar vi tidvis veldig bra angrepsfotball, vi køyrer over dei totalt og har sjangser nok til å vinne 2-sifra. Det er rett og slett udyktighet som gjer at vi ikkje skorer fleire mål, likevel synes eg vi skal fokusere på det som er bra, nemleg at vi kjem til sjangsar!

Uansett kor bra vi spelar er det alltid noko å rette på. Vi må vere mykje meir "på" enn det vi er, sjølv om vi møter dårleg motstand betyr det ikkje at vi kan ta lett på det. Vi må ha fokus og konsentrasjonen må betre seg betrakteleg hos enkelte, møter vi bedre motstand blir vi tatt på senga. At enkelte er meir opptatt av å diskutere enn å følge med når ballen er i spel er uakseptabelt, det vil eg slå ned på framover. Engasjement er veldig bra det, men når ballen er i spel må vi ha fokus på det, då kan vi ikkje stå med lua i handa fordi vi er opptatt av å diskutere med kvarandre.

Når vi spelar angrep er det veldig mykje bra, vi ligg bredt med vingspelerar og får brukt dei veldig mykje, noko som sist skapte veldig mange sjangsar. Når vi derimot skal forsvare oss synes eg vi må ligge meir kompakt på midten, det vart veldig stor avstand mellom sentrallinja på midten og kantspelerane, noko som gjorde at John og Ivers fekk eit for stort arbeidsområde å dekke. Dette må vi rett opp til neste kamp, ligge breidt i angrep, og pakke oss meir saman sentralt i forsvar. Dette var ikkje meint som nokon kritikk til kantspelerane som eg synes gjorde ein veldig god kamp. Eg tek sjølkritikk på at eg ikkje blei obs på det før eg oppsummerte kampen for meg sjølv i ettertid, eg hadde nok med å holde meg sjølv på beina under kampen….

Sjølv om vi skora 2 mål på dødball sist, føler eg vi har meir å hente ved å ha ein målretta plan, spesielt på corner. Mi meining er at vi samlas i ei "mølje" på 16 m, serven blir slått ved at ein/to startar bevegelse mot 1.stolpe, deretter kjem 3/4 stk inn mot keeper, 1 går på bakre og at vi har ein igjen i returrom. Då har vi mange alternativ for den som slår dødballen, noko eg er overbevist om at vi kjem til å skore mange mål på.
Defensive dødball var betre no, likevel er det mykje å rette på. Vi må ha ein mann kvar, her må vi tett oppi. Vi må ha fokus på mann, ikkje ball. Sjølvsagt må vi orientere oss om når og kor ballen blir slått, men vi må ikkje slippe vår mann! Her har vi mykje å hente, det er noko forbanna tull å slippe inn mål på så enkle feil!

Uansett sit eg igjen med eit veldig positivt inntrykk frå denne kampen. Vi jobba godt heile kampen igjennom og rævkjørte dei skikkeleg i 2. omgang. Dette synes for meg som eit resultat av at vi har trent brukbart i vinter, og med meir trening blir vi endå betre!

Viktig kamp allerede fredag: Lade FK
Så over til kampen på fredag. For meg er dette bare ein kamp i rekka, eg fokuserer på ein kamp om ganga, så kan vi gjere opp status når alle kampane er spela. Uansett kva motstanderane heiter eller driv med, meiner eg fokuset bør ligge på oss sjølv og kva vi er i stand til. Mange i IL Tempo har ikkje forstått kor gode dei er, og kor godt dette laget eigentleg er! Eg har sett mange fotballspelerar i mitt liv, og med det potensialet vi har i dette laget blir det for dumt å drive dank i 5.divisjon. 5. divisjon er for amatørar og sosialklientar som treng aktivitet som terapi. Ferdighetsmessig ligg mange spelerar i IL Tempo allereie no på høgt 3.div nivå, vi kan bli så gode som vi vil, alt det står på er vilje, holdningar og innsats. Eg synes vi har heva oss mange hakk heile vinteren igjennom, likevel føler eg vi har mange steg til å gå på!

Lade FK er eit lag eg meiner vi bør mose. Eg ser ingen grunn til at dette laget skal kunne vere i nærheten av å nå oss til ankelhøgde. Dette blir topp mot bunn, einaste fallgruva vi kan gå i er at vi ikkje kan stille meir enn 6-7 mann, likevel trur eg vi slår dei rimeleg komfortabelt.
Eg gleder meg til fredag!

Bjelle Bjålls - rockn rolls!


| Bli en blogger også du | Les andre blogger |