11.04.2007 14:57
Postet av Eivind Arne Bjaaland / BB

...BJELLES BLOGG #9
FUCK IT - Det er sesongstart til helga...

Elendig treningsgrunnlag, massemedia spekulerer i nedrykk til grendeserien i Nord-Trøndelag, spelarflukt i hopetall, gamle profilar håner IL Tempos eksistens, kunne det eigentleg vore eit verre utgangspunkt før årets seristart?

Fuck it
Kva skal ein sei til sånt? Eg har leita lenge etter ord som kan beskrive situasjonen, men fuck it!
Fuck at vi er dårlig trente, vi blir garantert bedre trent etterkvart!
Fuck massemedia som ikkje leitar etter anna enn negativt journalistisk makkverk, vi kjem garantert til å ende opp som ei solskinnshistorie!
Fuck spelarflukt, kva i helvette skal vi med spelerar som ikkje er motiverte? Det må jo garantert vere betre med spelerar som faktisk har lyst til å spele fotball!
Fuck gamle profilar som surna meir enn skumma kultur iført IL Tempo-drakt, det blir jo garantert betre humør i laget!

Etter ein IL Tempo-vinter kjemisk fritt for interne stridighetar er eg meir positiv enn nokonsinne. Då eg kom på siste treningskamp trudde eg faktisk eg hadde møtt opp feil, det var jo ingen surmuling, skulande blikk, primadonnanykker, kva i helvette har skjedd, det var jo nesten så eg gleda meg til å spele kamp!

Et helt nødvendig generasjonsskifte
Tydeligvis har IL Tempo nytt godt av det lenge etterlyste generasjonskiftet, ut har gamle grinebiterar og demoraliserande element forsvunne, inn har masse colgatesmilande friske pust kome. Spelerane varma faktisk opp frivillig, eg måtte nesten gni meg i augene!

Undervegs i kampen var det nesten rørande å sjå kor langt ein kan kome med moral, innsatsvilje og humør. Folk sto saman, hjalp kvarandre, jobba i samme retning, til og med smila satt laust, can you fucking belive it?
Eg har spela fotball på eindel forskjellige lag, eg har faktisk eindel å samanlikne med, men eg har aldri vore i nærheten av eit lag med mindre lagånd enn det IL Tempo har hatt. IL Tempo har hatt ferdighetar i massevis, men det totale fråver av lagånd er det som i mine auger har vore den sentrale begrensande faktor for sportsleg suksess.
Eg vel å bruke sist kamp som eit eksempel, aldri har vel førebuingane vore verre, men lagånden og kollektivet gjorde at vi faktisk kom sigrande ut av oppgjeret!

Dette er verdt å bygge vidare på folkens, eg er ikkje eit sekund i tvil at det kan skaffe oss masse gratis poeng i tida framover!

Ny drakt - nye fotballsko - En ny Eivind Bjaaland
Il Tempo framstår i ny drakt i år, det var så mange nye spelerar at eg ikkje kunne navnet på halvparten ei gong. Likevel var det mykje positivt, eg er ikkje særleg bekymra for om vi klarar å stille eit slagkraftig lag i årets serie.
Det nye systemet, som meinigslaust nok, er framstilt som banebrytande i 5. divisjon treng tid på å setje seg. Sist kamp var eit virrvarr i posisjoneringar, her må det i alle fall meir tydelege rolledefinisjonar inn for at ting skal falle på plass. Likevel har eg trua på at trenarfunnet Magnus Sarheim er mannen som skal klare brasene, sjelden har eg sett eit meir opplagt valg til årets trenar i Norge!!

Etter to sesongar utan fotball og som naudløysing i IL Tempos bakre rekker tok eg eit strategisk livsvalg forrige helg. Eg og potetkollega Riseth har eit problem med ryggen som gjer at vi ikkje kan spele fotball på kunstgras, det gjer så vondt at eg gruar meg til å løpe meir enn 30 cm. Sidan eg har passert 30 og ikkje har meir enn ca 15 år igjen i IL Tempo-drakt, valde eg å ringe agent og livsmentor/pastor Eikebrokk for å diskutere dei essensielle spørsmåla i livet. Vi enda opp på Nor-Contact i Fjordgata, 1120 kroner fattigare, med eit par nye Nike-sko i handa. Saft suse og splitte mine bramseil for eit lykkeleg val! For fyrste gong i mitt liv kunne eg spele fotball på kunstgras utan å kjenne knivstikka i ryggen, det var nesten for godt til å vere sant! Eg ber audmjukt om unnskyldning for mine hittil begredelege opptredenar i Tempo-drakta, dei må slettas frå all historie, det var før Gud, Eikebrokk og Nike gav meg (fotball)livet tilbake!

Holy maloney no skal det spelas fotball!
Gleder meg til å bidra til IL Tempos beste sesong nokonsinne!

Avspark fredag kl 21!

PS: Grunna ribbeinsbrudd og brannskader blir det ikkje avspark før 24.04 kl. 18 for min del. 


| Bli en blogger også du | Les andre blogger |