16.08.2007 01:39
Postet av Eivind Arne Bjaaland / BB

...GUTTA PÅ TOUR
Heroes of Telemark goes to France...

Bilde00
Knoll og Tott
Bilde00
Fartsbot
Bilde00
Groupies

Etter å ha lest om Eikebrokks og Sarheims umenneskelege duellar rundt Jonsvatnet, blei underteikna og superkeeper Jossi Vinjerui så inspirerte at vi ville reise og oppleve nesten like stor idrett, Tour de France. Ingenting skulle bli overlatt til tilfeldighetane, vi skulle sjå etappa der vi rekna med Touren skulle avgjort, etappe 16 frå Orthez til Col d`Abisque, og den enda meir avgjerande siste tempo-etappa frå Cognac (sjølvsagt) til Angouleme.

Turen starta fantastisk, usle 8 timar med tog til Oslo, nye to timar med buss til Torp, 4 timar venting før flyet til Madrid endeleg vart kansellert, hasardiøse ombookingar, avbestillingar, konjakkers, hotellrom i Sandefjord, wap-messenger, øl, zyrtec og endeleg eit håp i det fjerne, plass på flyet til London neste morgon. Etter ankomst London var gode råd dyre, tida gikk, ei øl blei til fleire. Mastercardet låg laust i lomma. Nødløysinga blei fly til Marseille på søraustkysten, rett ved sida av Jack Nicholson og St. Tropez. Grunna underteiknas flyskrekk blei konjakk vår løpebane, og plutseleg stod vi midt i Frankrikes mest kriminelle by med 31 grader i trynet, mørke bakgater og kåte gigoloar. Vi måtte bare innsjå at vi ikkje fekk med oss høgdepunktet, så vi leigde oss eit hotell og drukna sorgene i Perrier og Prince mild.

FM-fanatikar og Premiership

Bilde00
Ivers og Hoff
Bilde00
Himmelen #2
Bilde00
Dobbeltseng?

Løysingsorienterte som vi er leigde vi oss ein bil neste morgon og drog i veg mot vestkysten. For ein FM-fanatikar var det på sett og vis å vere i draumeland. Montpellier, Toulouse, Bordeaux og Nantes. Kor mange franske unge talent som har vore med på å redde stumpane for fattige bakgårdsklubbar i Premiership har eg ikkje tal på.

Etter ei overnatting i nærleiken av Carcasonne, rasa vi inn til Bordeax og blei fulle. Etter fleire French Vodka (konjakk og champagne) fekk vi friske impulsar om at det var ei etappe rett rundt hjørnet, etappe 17 frå Pau til Castelsarrasin. 2 fartsbøter og 1 stk forfølgelsesritt med Rabobank-bussen seinare var vi endeleg nær målet, Tour de France 2007! Stemninga i byen var fantastisk bra, fulle og gale sykkelfantastar og wannabe-sykkelfans skapa trykk, ølbodene likeså. Forholdsvis lett å finne plass ved 1 km-skiltet, men purken var nazi, så rumpetriks blei lite aktuelt etter ei grundig heilhetsvurdering. Likevel fekk vi sett 30 sekund Tour de France, drukke øl, kjøpt Tour de France-caps og pissa i bakgatene.

Neste år med Sarheim i ledartrøya

Bilde00
Stjerner i øynene
Bilde00
Stjerner på benken
Bilde00
4 backs and 3 spisses

Fulla av ny inspirasjon og Heineken var vi klar for neste etappe, frå Cognac til Angouleme, den avgjerande tempoetappen. Vi rasa inn til Cognac og prøvde optimistisk å bestille rom på 10-15 hotell, fuckings fullt overalt. Yea yea, peisa på vidare til Angouleme, same svar der, tok ein burger ved sida av CSC-laget og prøvde å sjå lyst på det, fuck, tilbake til Bordeaux og grisefylla der. Etter dette mista vi goen i laget, rytmen og flyten, omtrent som IL Tempo i ledelsen, vi ga faen og reiste til Pau, byen der Vinokorov blei ferska. French Vodka og Marlboro døyva dei verste sorgene, ut på byen, mingling med det Franske rugby-landslaget (som faktisk er ganske store i Frankrike), knytte til oss eit par franske kjentmenn som tok oss til nattklubb etter å ha køyrt i fylla i 130 km/t i trange bygater. Gikk amok og blei kasta ut, meir fyllekøyring med lokal taxi og stengt ute frå hotellet, stemninga var som under Cuba-krisa.

Hoppar over dei neste timane og flytter oss til Spania, etter ein absolutt-ikkje-anbefalas-nattogtur til Madrid med 8 fulle og kriminelle i kupeen, var det godt å få driti på Santiago Bernabeu. Fint stadion, men Lade kunstgrass er å anbefale!

Kort oppsummert, vi kjem sterkt tilbake neste år, då også med Sarheim i ledartrøya!

Helsing Bjelle og Jossi, Heroes of Telemark.


| Bli en blogger også du | Les andre blogger |