Velkommen til IL Tempo

 


20.09.2009 01:10
Postet av Eivind Bjaaland / Bjelles Blogg

...Min IL Tempo-karriere
Eit eventyr frå start til slutt...

Det starta i Munkegata hausten 2002.

Arne Aaslid, IL Tempos Carlton Palmer, fortalte med tårer i augekroken om det multikulturelle fenomenet av eit lag (les stor forskjell i hudfargar, ikkje nødvendigvis nasjonalitet). Eit lag utan sidestykke i Noreg, eit lag tufta på ideologiske prinsipp fra Eminem og Slim Shadys storheitstid, eit lag der failure is no option – success is everything, viss ikkje blei det giljotinen på spelarbørsen og plass bakerst i køen på Club ID.

Primadonnanykker var like sjølskrevent som hårvoks,
brunkrem og øyredobbar. Eit lag der alle voks opp på eksos, kebab og generell omsorgssvikt, eit lag der ingen varma opp av prinsipp, slik at ein raskare kunne få strekkskade og rekke gratis inngang på Rio og Tiger Tiger.

Eit lag der ingen ville betale for å spele kampar,  eit lag der alle ga faen i å trene, eit lag der dei som ikkje skulle starte kampen reiste heim i protest, eit lag som eigentlig ikkje var eit lag, men ein real gjeng tullebukkar. Eit Muppet-show. Då eg sat på IL Tempo-benken for fyrste gong ein regntung haustkveld tok eg meg sjøl i å tenke ”kva i helvete gjer eg her?”.

7 år etter er ringen slutta,
eg sit paradoksalt nok igjen med masse fantastiske minner og 11 kampar – 0 assist – 0 mål. Ein utruleg statistikk som talar for seg sjølv. Når ein i tillegg tek børssnittet på 6,0 – som ifølge terminologien er ”ok” så har vi i grunnen oppsummert den sportslege biten.


Det som likevel fascinerte meg var det utanomsportslege. Med ei over gjennomsnittet interesse for psykologi, atferdsavvik og personligheitsforstyrringar var dette eit fascinerande eldorado å boltre seg i. Eit boblebad av tikkande bomber. I tillegg var det ei glede å stifte bekjentskap med mange flotte mennesker. Utan å kategorisere og stille diagnose på nokon, vil eg kome med nokon få karakterprofilar frå IL Tempos potpurri av personligheitar:

Erik Eikebrokk: IL Tempos eigen Omer Bhatti. Utelivsbaron og toppidrettsutøvar. Meir mystisk enn Orderudsaken. Er konsekvent offline på facebook grunna enorme mengder forespørslar om chat frå det motsatte og samme kjønn. Økonomisans som ei døveordbok utan alfabetisk rekkefølge (ref: saldo etter ski-vm og tour de france). Også kjent for utradisjonelle sjekketriks, lavt blodsukker og ein ibuande trang til å trenge to hotellrom samtidig.

John "Mølby" Johnsen: Strategen som blei lokka av gull og grøne skogar over kommunegrensa til Gimle. Sidan har ingen sett han. Oftast i fokus for den naturlege brunfargen som gjorde at han konstant blei etterspurt pass, visum og arbeidstillatelse på bortekampar

Erik Hoff: Den einaste fotballspelaren som nokon gong har vore linka til Team Sky. Det ryktes at Boasson Hagen har ein klausul i kontrakten om at han når som helst kan gå vederlagsfritt til IL Tempo Velociped, alt grunna hans draum om å sykle styrkeprøven som hjelperyttar for kaptein Hoff.

Vidar "Keown" Jenssen:  Mandelpoteten som aldri forstod at han var best som midtstoppar. Notorisk uforståeleg ellers også. Hadde meiningar om alt, men gav aldri uttrykk for dei. Lidenskapeleg interessert i fotball og NHL, store framtidsutsikter som quiz-ekspert.

Stian Funckenhagen: Trondheims Kevin Federline aka K-Fed aka Britney Spears' eksmann. Gladgut med meiningar om det meste. Blendande teknikker med auge for medspillerar og mål, også glad i burgers, poker og det søte liv.

Vegar Olsen: Den beste forsvarsspelaren eg har spela med. Har eigentleg alt, fart, spenst, styrke, taklingar, pasningsfot, målfarleg. At ikkje han spelar på eit veldig høgt nivå er meg ei gåte bare han har svaret på.

Haaken: E-type!

Robert Preller: IL Tempos egen Sven O. Høiby. Måtte ofte ha pause på treningane for å ta seg ein sigg og ein knert. Trudde alle andres kontigentinnbetaling var til for å finansiere hans eigen spelarlisens. Ofte sett i Byavisa med ekslusive heime-hos-reportasjer som finansierte utallige sydenturar. Likevel den som var flittigst på både tima og ikkje-tima løp iløpet av ein kamp. Kunne blitt verdensstjerne på alt frå 400m til marathon

Morten Solem: Trøndelags Piotr Fijas. Avliva myten om skihopperar som røykande, flatbrødetande coolios. Jordnær godgut med gode holdningar, stor løpskraft, innsats og målteft. Går heller ikkje av vegen for fruktbare diskusjonar rett før stengetid på Three Lions.

Steinar Larsen: Tru kopi av Carsten Jancker bortsett frå Buvik-krøllane. Monsterspissen som skremte vettet av medspelerane. Livsfarleg foran eige mål. Fann kjærleiken på prøvespel for Cork City i Irland, flytta til Oslo 12 sekund etterpå.

Moralen i eventyret er at vi alle fann kvarandre i kjærleiken til fotballen, vi fann kvarandre i IL Tempo.

Det slutta i Tydal hausten 2009. 7 uforgløymelege år!

Tusen takk alle saman for gode minner!

Helsing
Bjelle Bjålls
aka. Eivind Arne Bjaaland